tirsdag 23. januar 2018

Arjo januar

Det er ei kreativ og koseleg gruppe på FB som heiter ArJo`s TAg og ATC
Kvar månad får vi ei ny oppgåve vi kan bryne oss på.

Oppgåva i januar er Vintage + embossing/maling.

Eg har virkelig kosa meg med denne.
For 5 år sidan var eg på kurs hos Anja i Anjas Kortkreasjoner. Vi lærte å lage kaffebad, og farge gamle ark. Den gangan gjekk eg rett heim, og laga nytt kaffebad med ungane. Resultatet er ein kasse med ark eg kan ta i frå ved behov.
Eg har "splatta" med maling,  rota fram ting som har blitt liggande alt for lenge, og motiv frå Tim Holts.





Klem Anita

søndag 21. januar 2018

Dame lan - scrappe treff..

Du kan kalle det kva du vil, men når 15 damer møtes over papir og lim, blomster og bling, skjærebrett og linjal, motiv og oppskrifter, så blir det ein fantastisk dag. Slik er det berre.

"2 gode naboer" og flotte damer inviterte til Lørdagstreff på Kletten i går. Ein kan seie mykje om oss som var der, men kjedelge det er vi ikkje. Latteren runga i lokale, komentarane på kanten, mykje skryt, og mange gode klemmar.

Det er noke heilt spesielt når alle går heim med eit stort smil rundt munnen, og allerede gledar seg til neste møte.

Vi har hobbyen til felles, men ut over det er vi i ulike aldrar, vi har ulike liv, og interesser. Men ingenting av det spelar noke rolle når vi møtes.

Denne gangen hadde eg utfordra ei av dei andre til å lage restekort. Så vi sat og konkurrerte heile dagen om å lage flest kort av egen restar.

Her kjem eit biletras av det meste av det eg laga. Eit par av korta blir presentert i Februar i Paprilosjen i staden.

Kort  1, blomster laga med Heartfelt Creation stempel og dies, mm. alt laga av resteark.

 Kort 2, stempel kreative hender digis, tekst skrive i word.


 Kort 3, motiv og pynt er av resteark, tekst er skrive i Word.

 Kort 4, Motiv Mo Manning. 

Kort 5, motiv Delicious Doodles

Kort 6, stempel The Paper Shelter - desse sel stempelsett der du får med fargelag motiv av det du kjøper.  Tekst er klipt ut fra et reste ark.


 Kort 7. stempel Kreative hender digis.  Tekst er skrive i Word.


Slå et slag for restepapiret, Neste utfordring eg vil viderbringe er: bruk gamle dies.

Klem Anita


søndag 14. januar 2018

To kokker.

Eg bruker av og til å lage opp kortbaser med paneler på, slik at det er berre det som er kjekt igjen. Pynting.

Min datter på 11, hadde funne ein slik base, og limte på nokre diecutt i papp. Eg fant kortet igjen, og fortsette med pyntinga i dag.

Blomane er frå I am roses, det som ser ut som små kvite, er ei stor eg har plukka i frå kvarandre.

Vi har fremdeles vinter og blå/kvit som tema hos Papirlosjen





Klem Anita

søndag 7. januar 2018

You and me santa

Eg har skrive ein artikkel for Hverdagsnett.no, og denne gangen laga ein videotutorial.

Slik ser kortet ut. Kva fargar og korleis, det finn du hos hverdagsnett.no


Videone finner du her:


Klem Anita


fredag 5. januar 2018

Nytt år, nye muligheter

Januar er ofte ein blå og kald månad, dette har Papirlosjen teke høgde for, og oppgåva denne gangen er derfor kvit og blå vinter.

Sponsor er I am roses, dei har virkelig mykje flotte blomster.

Kortet mitt er i lag på lag stil, toppa med glitter og "diamanter".

Eg ser at detaljbilda mine er litt i lysaste laget, men blomstrane kom fram, og den store kvite nede til høgre, den skal eg ha meir av, for den var nydeleg.





Klem Anita