torsdag 12. oktober 2017

2 ulike

Scrappboking dag hos The Paper Event 

Sist lørdag hadde dei ein kortlagingsdag med 3 utfordringer. Ein med farger, ein teknikk og ein inspirasjon. Eg rakk ikkje den siste, men dei to første var eg med på.


Det første er fargeutfordringa. Rosa, grøn, blå, lilla og gul. Du skulle bruke minst 4 av dei fargane. Eg har med alle, sjølv om den gule kun er pollenbær i den største blomen.



Teknikk: Maskering, dette var kjempekjekt, og skal prøvas igjen.


Nesten ferdig bilde. 


søndag 8. oktober 2017

Rammekort til henne

Det var scrappetreff i Førde i Septemper, og ein av "poppisane" denne gangen var rammekort. Eg lærte det av Monica, som heilt sikkert har lært det av nokre andre...

Eg har tidlegare laga ristekort med denne ramma, men er no begynt å teste ut andre måtar å bruke den på.  Den er enkel å lage, og ser stilig ut, så det er ikkje så rart den er populær.

Eg fant eit ark som passa perfekt til fargane eg hadde brukt på motivet, og valgte å ha pynten i nøytrale fargar til. Blomstrane er heimelaga.

Stempelet eg har brukt heiter Snoflake Angel. og er frå Ching-Chou Kuik






Klem Anita

fredag 6. oktober 2017

Julekort i oktober.

Er berre i Oktober og eg har laga 2 julekort alt...

Må vel innrømme at det ikkje var heilt mitt valg, men det første var ei utfordring, og det neste var stempel fra vår fantastiske sponsor Scrapomania.no


Eg fekk ei stempelplate fra Kort og Godt, med fine tekstar og eit par bladkvistar.



På scrappetreffet her i Førde i haust kjøpte eg denne blokka. Eg fant den ikkje i nettbutikken, men det kan vere ho kan skaffe den igjen. Den er i tradisjonelle julefargar, med innslag av varm orange. Midt i blinken for meg. 


Eg har også lyst å vise et par detaljbilder, frå prosessen. 
Eg har eit lag Bazil, under dekor arket, og ein base i kraft under der igjen.

Eg skulle pynte insida, men syntes overgangen fra mønstret papir til kvit sirkel vart for voldsom, så eg har sverta litt utanfor sirkelen og litt innanfor. Dette gav ein fin overgang, og roa ned arket noko.


Framsida vart også for rotete til motivet, så eg sverta arket litt for å "roe det ned", og det fungerte supert. 


Ferdig framside på kortet. Tekst stempelet, og dei mørkaste grøne lauva er først stempla, så embossa med blankt pulver.  Eg har brukt alle blada rundt kanten fleire ganger, i 2 ulike fargar.
Motivet er skore ut med ein Nellie Snellen dise. 


Eg pynter alltid innsidene på mine kort, enten med ein liten tekst, eller med eit motiv slik som her. Dette er ein nydeleg dise, som Monica viste meg på treffet. Og hennar overlevelseskunstner er formidable.. Eller var det eg som var lett å overtale kansje?
Disen er fra Stuido light. og heter Woodland Winter. 



Insida, eg har bruk samme dise til skrivefelt som bak hjorten, sverta kantane litt, og pynta litt.

Det finst mange måter å "roe ned" eit ark på, å bruke stempelsverte er berre ein av dei. Det er i allefall ein teknikk det er moro å prøve.

Klem Anita

torsdag 5. oktober 2017

CHING-CHOU KUIK

Overskrifta er navnet til Papirlosjen sponsor denne måneden.
Vanskelig navn, men nydelige stempel.

Det eg har brukt heiter a bunch of love og er fantastisk fint.

Tema er til henne, og litt kjærlighet trenger vi alle.




Klem Anita