lørdag 11. mars 2017

Måned 3 hos Arjo's tag og atc kos.

Eg har prøvd meg på ei "umulig" oppgåve i dag.

Eg skulle bruke, 2 farger + svart. Bokside, Sensil og medium. Washi tape og dråper av mist.
Fremdeles overkommelig, men so kjem oppgåva. Clean and Simple!


Vel, eg hadde ein plan. Tagen er laga av ei bokside, eg har limt eit resteark bak for å få det stivt nok. Eg fant noko nøytral washitape i svart og naturkvitt.
Det med medium gav meg ei utfordring, men etter å ha grisa ei stund, vart eg nokon lunde fornøgd med resultatet. Det største problemet var at det var umulig å stemple fint over det. Eg løste det ved å stemple hjerte på eit eige ark, og limte det på med limpute. Eg veit at det gjer det mindre Clean and Simple, men eg måtte være fornøgd sjølv også.

Den første misten eg brukte var sølv, den forsvant, så eg gjekk over med gull etterpå.

Eg er veldig glad i utfordringar, denne var vanskelig, men veldig moro.











Klem Anita



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar