mandag 27. februar 2017

Ei lita helsing

Eg hadde seriøse planer om å holde bloggen like aktiv i år, som i fjor, minst. Men i februar har eg produsert ein god del, og blogga minimalt. Nokre av tinga eg har laga, skal givast i bursdagar og konfirmasjonar i vår, så dei må uansett vente, medan andre ting kan trygt visast.

Slik som dette lisje kortet. Eg skulle sende ei lita helsing i januar, og hadde ynskje om at den skulle falle i smak hos mottakar.
Det er litt skummelt å lage kort når eg veit kven som skal få det, men samtidig så blir det heilt annerleis en det eg lagar til vanleg. Eg har fokus på kva eg trur mottakar vil sette pris på, og ikkje på kva eg sjølv likar.

Men eg likar veldig godt desse fargane, og vart godt fornøgd med kortet mitt til slutt.
Arket stammer frå Paper House, og ligger i en pakke som heter Color Ways. Blomsten er Prima. Eg har stansa ut hjerter med Kort og godt sin die116 hjerter, og her har eg brukt det som vart igjen når hjerta er plukka ut.



Eg må seie eg flira litt då eg fant dette bildet bakpå pakken med blomster. Litt høg aldersgrense på desse blomstrane. Men då får eg kanskje ha dei i fred :) 

Klem Anita


1 kommentar:

  1. Å dette her var bare superfint.
    Elsker slike farger.....nydelig.
    Klem Heidi:)

    SvarSlett