lørdag 21. januar 2017

Art journal

På dette området er eg forsatt nybegynnar, men det betyr ikkje at det ikkje er veldig, veldig moro.

For et par år sidan fekk eg Panduro-kitt hos Bokuben (Panduro i Førde), for å lage demonstrasjon av dette. Eg kosa meg masse, laga nokre sider og leverte journalen i frå meg.  Etter eit år eller so, fekk eg den tilbake, og den har samla støv sidan.
For et par veker sidan oppdaga eg denne dama: Maremi Smalart, og vart sittande å sjå timesvis med videoar med henne. Ho har nokre veldig flotte videoar om korleis starte med ei blank side, og korleis bruke det du har heime, så du slepp kjøpe alt nytt når du skal leike med fargar.

Eg har brukt mykje fargestiftar her (cryons). Desse har ein mjuk konsistens, (aom litt tørr leppestift,) dei kan gniast utover med fingrane, målast utover med ein pensel med vatten etc. Dei er rett og slett veldig tilfredstillande å arbeide med.

Mesteparten av materialane eg har brukt, får du hos Bokuben / Panduro i Førde.


På den første sida har eg først limt på mange småbitar med restepapir, og gitt det en runde med gesso. Fargane eg har brukt er fargestifter frå Panduro,  Silky Twisters. Utseendemessig er dette eit produkt retta mot barn, men egenskapane er dei samme som langt dyrarer merker, og eit utmerka utgangspunkt, om du vil teste ut dette.   Motivet nederst og tekstane kjem frå eit fint Paris sett frå Quakasu, det kan kjøpast og lastast ned der.

På side to har eg limt inn kvite ark først, og brukt inka gold og Mica powder for å lage farge. Sidene er derreter sverta langs kanten med Distress vintage phot /tea dye. Hjerta er ein dise fra Kort og Godt. Dei røde er utskorne, dei i kopar er mala gjennom "stensilen" eg fekk når eg skar ut dei råde. Nettingen er frå biltema/chals Olson, den er beregna til å bruke over skøyter når du sparkler vegger. 

På side tre har eg også begynt med papirlappar i ulike storleikar, og gesso. Eg vart ikkje fornøgd med fyrste forsøk, så heile sida fekk eit nytt strøk gesso, også over nokre sommerfuglar eg hadde limt på.  Deretter gjekk eg laus med røde/ornage farger og prøvde få fram igjen dei detaljane eg hadde malt over. Her er også brukt fargestifter, men denne gongen Art Cryons frå Marabu 

Håper dette gir deg lyst å leike med fargestiftar igjen.  Du treng ikkje ei fansy bok, du kan bruke ark, ei bok du hadde tenkt å kaste etc. Er det tynne sider i boka, så lim sammen 2-3 sider frø du beggyner, på den måten kan du bruke "gamle" bøker du egentlig var tenkt å kaste. 

Klem Anita


3 kommentarer:

  1. Så mye bra tips og ideer, får lyst å bare sette igang her :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt å høyre. Er jo ingenting som er feil når ein held på med slikt, er veldig kjekt.

      Slett
  2. Kjempefine sider! Dette er ukjent terreng for meg! Ser skikkelig bra ut hos deg ! Klem ;)

    SvarSlett