søndag 24. september 2017

Jul i september

Utfordringa Jul i September er snart over, men du har forsatt tid til å levere inn bidrag.

Eg har kosa meg med promarker og eit Magnolia Stempel. Eg har pynta relativt enkelt denne gangen. Ingen dekor ark, og reine fargar. Det var sol då eg tok bildet, og det har eg utnytta for å få lys inn på lykta Tilda held i handa.

Papirplaneten har mange, mange Magnolia stempel til ein veldig hyggelig pris.


Klem Anita

søndag 10. september 2017

Learning to fly

Å prøve noko nytt kan være både utfordrande og skremmande.

Mixed media, høyres for mange ut som noko nytt og veldig vanskeleg, og noko av det dei "store" kunstnarane lagar, kan også være teknisk vanskeleg.

Men, sidan dei fleste av oss ikke var Malermester Munch då vi vart født, så går det an å legge lista litt lågare, og berre ha det kjekt med det ein lagar.

Mixed media er kun det navnet seier, ulike materialar, og gjerne teknikkar i samme prosjekt.


Mitt prosjekt er ei øskje jeg har dekorert. Først har jeg grunna den med svartmaling, så har jeg limt på nokre nydelege figurer jeg har laga ved hjelp av Prima sine siliconformer, og eit trehjerte.  Eit nytt strøk med svartmaling over dette, og la det tørke.

Når alt er tørt, har jeg framheva figurane ved hjelp av litt kopar maling (vanlig akrylmaling), og pynta med microperler, gull flak, metalpynt og perler.  Sette til slutt på et lite klistermerke fra Tim Holts/Ranger med tittelen "Leraning to fly."




Eg vil gjerne utfordre dokke som aldri har prøvd dette før, om å hoppe i det, post resultatet og bli med i trekning av premie i denne måndens utfordring. Mixed Media hos Papirlosjen. 

Klem Anita

torsdag 31. august 2017

Forsatt tid igjen - kreative hender.

Nå er det bare timer igjen av vår utfordring "Alt er lov", hos Papirlosjen. men hiver du deg rundt, rekker du det nok.

Jeg har laget et kort med stempel fra KreativeHenderDigis på FB. Grunnen til at eg valgte nettopp dette stempelet, var at jeg skulle lage et gratulasjons kort til en 18 åring. Jeg har faktisk brukt 3 av Gitte sine stempel på dette kortet: Motiv, gratulerer og magi.

Kortet er ca 7" høyt og 5,5" bredt. Når jeg lager den størrelsen, får jeg ikke nok ark til alle sider, og velger å bruke biter av design arkene til å pynte ene innsiden og baksiden med.

Beklager bildekvaliteten, tiden gikk i fra meg, og det gjorde også lyset. Og jeg har lagt litt glossy accent på motivet, og det gir gjenskinn i lyset fra blits og lamper.

De store blomstrene er hjemmelaget, to med punch fra Panduro, og to med diser fra Heartfelt Creation.





Klem Anita

tirsdag 22. august 2017

Kreative Hender Digis.

Papirlosjen har ein sponsor som heiter Kreative hender digis, du finn den på FB.

Vi har fått nokre stilige motiv med katter og hunder, og eg har leika meg litt med dei.
Eg må først få seie at eg er ikkje noke verken katt eller hund person, men desse var faktisk veldig moro å fargelegge, og bruke på kort. Utrykka er knallbra, og effekten med brillene gjev eit leikent utrykk.   Tekstane er også frå Kreative Hender Digis.

Det første eg viser er eit brusdagskort, som kan passe til mange anledningar, teksten "Gratulerer med dagen, måtte den bli like fin som deg" er veldig mykje brukt blandt tenåringar.



Innsida


Her har eg dekorert ei notatbok. Syntes han her var knall, han kikker opp over noke, og enten lurer på kva du gjer, eller på om han kan gjere nokre sprell.

Brillene er heilt konge.

Teksten. "Barnslig, ord som benyttes av kjedelige personer for å beskrive morsomme personer" passa heilt på denne.  Brillen har fått eit lass med glitter.




Klem Anita

mandag 21. august 2017

Dr. Digi - Lag din egen bakgrunn

Å lage egen bakgrunn er veldig kjekt. Det finst mange måtar å gjere det på. Nokre bruker mixed media, andre maler, stempler eller teiknar.

Eg har brukt akvarell maling, og embosset motiv først, sjå insiden.  Etterpå stemplet eg på en del blomar for å skape mer liv.
Stempelet er frå Doctor Digi House of Stamps
Kortet er laga for Hverdagsnett




Klem Anita

søndag 20. august 2017

Magnolia hos Papirplaneten

Papirplaneten har mange Magnolia stempel, og alle er til 40% for øyeblikket.

Eg har brukt 4 av mine Tilda på dette prosjektet, som er ein folder til å ha teikningar i.

Folderen var mintgrøn med motiv, kjøpt på Nille for ein 10 ar. Eg måla den kvit, og dekorerte med ulike resteark i grøn/blå tonar, som igjen fekk ein omgang med kvitmaling for å gjere det heile meir avbalansert.


Enkelt pynta med blonde, og nokre små blomar, då eg vil at denne skal kunne brukast, og difor ikje kan ha for mykje utståande pynt.

Utfordringa Alt er Lov hos Papirplaneten kan du vere med på ut august.






Klem Anita

fredag 4. august 2017

All Dressed Up

I 2012 var eg på kurs, eg var på 3 kurs med ei dame som heiter Anja. Eg hugsar ikkje etternavnet, og eg har ikkje sett ho online i scrappeverden på nokre år.

Men i allefall, eit av kursa eg tok med henne var herrekort i vintage stil. Og vi farga arka vi skulle bruke i kaffi.  Dagen etter kurset, stod eg og barna mine å farga resteark i kaffi.
Eg har femdeles ein boks med ark eg har farga med kaffi, og kvar gong eg opnar lokket, så kjem kaffilukta fram.


Vintage betyr egentlig av god gammel årgang, men i kortverden bruker vi det ofte om brune, jordfarga kort. Ein bruker normalt ikkje glade farger eller pasteller i vintage kort. Men ingen regel uten unnatak, og vil trur du får ulike svar avhengig av kven du spør.

Då eg mottok motivet eg skulle bruke, så lurte eg litt på korleis dette skulle passe saman. Men det passa heilt supert, eg vart veldig fornøgd med resultatet.  Og endå har eg ikkje fylt det opp med blomar :)

Ta gjerne turen innom Hverdagsnett for å sjå korleis dei andre har løyst oppgåva med vintage.



Klem Anita

søndag 23. juli 2017

Like men Ulike

Eg har vore så heldig å bli spurt om å lage nokre bryllaups kort i sommar, og eit av dei var til 2 menn. 

Diesen som er brukt bak, er lik og blomstrane er heimelaga, så mykje er likt, men resultatet vert veldig ulikt.

Mennene er laga med ein dies frå Dixi craft, eg har skore den ut fleire ganger, slik at kvar mann fekk 2 skuggar og litt dimensjon. Dei har også fått eit lag med glossy accent over seg for å stå litt ut frå resten.


Det andre brudeparet er eit stempel frå Kort og Godt, farga med Promarker.

Og kvifor viser eg dette i dag? Jo for å minne om at Papirlosjen har ei utfordring gåande, der alt er lov. 




Klem Anita

torsdag 13. juli 2017

Gratulerer med dagen! Lacy Sunshine

Eg er veldig glad i å fargelegge motiv, og har fargelagt i fleire år med Promarker, men har no utvida verktøyskuffa med ein neve Copics i tillegg. Det er alltid ein diskusjon, kva likar ein best, kva anbefaler du til venner osv.

Tusjane kan miksast då begger er alkoholbaserte, og teknikken er nokenlunde den same, uavhengig av merke. Det er to store hovedforskjellar slik eg ser det, tuppane, og at Copic kan refillast.  Og så prisen då. Copic er dyrt.

Dei fargane i Copic eg har kjøpt er hud /hår, fordi dette er fargar  eg brukar mykje, og det vil løne seg å kunne kjøpe refill i staden for nye tusjar. Og så likar eg veldig godt tuppane når eg skal fargelegge hår. Eg har eit par andre fargar også, dei lilla og grøne på dette kortet er Copic.  Denne lillatonen, finst ikkje hos Promarker.

Motivet kjem frå Lacy Sunshine, og heiter Rory's Sunflowers, og sjølv om eg ikkje er så glad i at håret sjuler eine auge, er dette eit nydelig motiv, og ikkje minst veldig kjekt å fargelegge.

Når eg har brukt så mykje tid på å fargelegge eit motiv, så vil eg ikkje drukne det i pynt, så derfor pyntar eg slike kort litt enkelt.

ALT ER LOV,  det er ufordringa denne månaden hos Papirlosjen. så her er det berre å hive seg rundt å ta bilde av det du har laga.  Med det veiret vi har på vestlandet, så er eg sikker på at nokre av dokke i allefall har brukt tida inne.






Klem Anita

torsdag 6. juli 2017

Lacy Sunshine

Lacy Sunshine er sponsor hos Papirlosjen i Juli/August utfordringa. Det betyr av vi som lagar inspirasjonsbidrag har fått 3 nydelige stempel å fargelegge. Og at den som vinn, vil kunne velge seg 3 stempel hos dei som premie.

Første man ut hos meg er Celestial Dreamer, en skikkelig søt digi.

Eg veit ikkje om det er meininga at jenta er naken, men eg fant ut at eg ville farge henne litt frimodig, og med andre fargar en forventa.  Å fargelegge månen bydde på utfordringar, og eg er ikkje sikker på at eg er heilt fornøgd med resultatet. Håret derimot vart slik eg yngste det.

Blomane eg har brutk er mesteparten heimelaga, unnataket er snurreblomane, dei har eg fått.



Blomen til høgre på innsida er frå ein pakke med Tim Holts Diecutt, den til høgre er stempel og dies frå Kaiserkraft.



Håper du vert frista til å vere med i utfordringa vår.. Tema; Alt er lov, og det burde vere innafor for dei fleste. 

Klem Anita

lørdag 24. juni 2017

Det spøker

Eg var på scrappetreff i Gloppen / Sandane i februar, og der fekk vi teste nokre Hus-dieser fra Tim Holts.  Dei hadde både kyrkje og spøkelses hus, som utviding.

Det var ingen overasking at eg måtte prøve meg på spøkelseshuset.

Eg har festa eit enkelt kort under, slik at søstrene til Konfirmanten fekk skrive ei lita helsing. For etter så mykje jobb, så måtte eg bruke det til noke fornuftig. Konfirmanten var svært nøgd med "kortet"

Eg hadde mykje konsulenthjelp til dette huset. Inger Anne og Lise, var mine bord damer utover kvelden /natta, og vi diskuterte ulike måtar å få fram røyk frå pipa, farga glas, og gardiner i vindauga.

Eg må inrømme at ein av dei tinga eg sjølv vart mest fornøgd med, er skjor reiret på toppen.





Klem Anita



torsdag 22. juni 2017

Kaiserkraft dies og stempel

I går la Inger Anne på Bokuben ut bilder av nye varer som var komt fra Kaiser Kraft. Ei av platene med stempel og dies, hadde eg bedt henne å ta inn, og eg tok med meg ei til når eg først var der.

Eg må berre seie det, eg digger disse setta. Eg prøvde meg litt fram med trykk på litt rolige mønsterark, og endte opp med trykk i svart og grønt. Det var kjempe enkelt å få dei fine.

Så det blei 4 kort til sammen i dag.

Her er setta eg kjøpte meg...


Første kort. Her har eg brukt 3 av stempela på plata til høgre. Noke på innsida, og noke på utsida.  


Dette kortet er ikkje 6*6 og då får eg ikkje nokk dekor ark til å dekke alle sidene. Denne rosa limte eg på baksida.  Eg vaska stempelet med stempelrens etterpå, og då fekk eg eit mykje betre trykk. Så det har eg no gjordt med alle. 


Kort nr 2. Her er det kun dei to små svart blomane invendig som kjem frå stempelplatene. Desse var det ikkje dies med til disverre, så dei måtte eg klippe ut for hand.  



Kort nr.3  Her har eg stempla opp sommerfuglane i gult, og sverta dei med litt grønt i midten. Eg likte veldig godt effekten av det, litt meir usikker på fargevalet, men skal prøve meg litt fram.  Motivet på framsida er eget foto.




 Vifta på høgre brett er her stempla opp 3 ganger med svart, sverta med brundt på kantane, og krølla litt. Eg var ikkje heilt fornøgd med blomsteroppsatsen, så eg tok fram litt kvit akrylmaling og mala over blomar og pynt, då vart det mykje betre.


Bur du i Førde, eller omegn, og lager kort, anbefaler eg å ta turen innom Bokuben for å sjå alt det flotte som er kome inn.

Klem Anita

torsdag 15. juni 2017

Audhild har ei ny utfordingsgruppe på FB

Og eg hadde eit kort som passa.
Linken finn du her Kreative Stunder

Du treng ikkje ha blogg for å delta, for du legg bilde rett i mappa. Oppgåva er at det skal vere eit bryllaupskort, og at det skal vere blått til stades :)

Kortet er laga på bestilling, men eg har ikkje kunne vise det fram, før eg var heilt sikker på at mottakar har mottatt det.









Klem Anita