mandag 19. desember 2016

Tenn et lys

Tenn et lys, vi syng det mange, mange gonger i desember.

Et tykjer det er veldig kjekt at fyrstikkene eg skal bruke også er julepynta. Blir litt glad kvar gong eg skal bruke dei.
Og dei er kjempefine til venninnegave, eller som den lisje tingen du ville ha ekstra. Eller ei "berre fordi" merksemd.


På så små prosjekt, treng ein ikkje store mengder pynt før det ser bra ut. Dei må også vere funksjonelle, etter at dei er utsett for kreativiteten min. Men det betyr ikkje at pynten må vere flat, store blomar fungerer kjempefint, i allefall disse nydelige margrettane frå Wild Orchid Craft.
Sidan øskja ikkje er så mykje over 6*12 cm, så er det ikkje så mykje papir som skal til heller.

På bilete nr. 2 har mor mi laga omlag halvparten av øskjene.



Hugs å nyte litt av adventstida også. Ein god kopp kaffi er aldri feil!
Klem Anita




2 kommentarer: