søndag 20. november 2016

Jula har inntatt hobbyrommet

Jula kom til meg også, denne gong i form av ei ny panduro blokk.

Eg har laga ein pose, eit lite minialbumm og ein tag. Og kva eg vart mest fornøgd med?  Tagen. Motiva er Toppers frå Dixie Craft, og i kvar pakke kjem eit ark som viser kva som er inni. Tre av desse små firkantane kunne eg bruke som motiv, så dei er klypte ut og brukt på tagen.

God jul er skore ut med ein dise frå KaBoks. Trur eg måtte kjøpe tekst og skugge kvar for seg, så det vart litt dyrt, men den er veldig fin og mykje brukt. Stjernene er skore ut med ein Marianne Design dise som er del av et sett med embossingplate.
Den romantiske snøkrystallen på posen er frå Xcut.  Ellers så har eg brukt Tim Holts - Wildflowers og Hollyday greens.  Blomane er frå Papirdesign og Wild Orchid Craft.  Tekst er skrive ut på pc.


For dei som bur i Førde, så står dette i utstilling på Bokuben (Panduro) og ho har heilt sikkert fleire blokker igjen :)

Det kjem julekort også, sånn om litt... Trur eg :)




Klem Anita

fredag 18. november 2016

Dåp

Jaudå eg er begynt på julekorta eg også, men eg veit at ein treng dåpskort også i desember.  Det vart gutekort denne gangen.

På det første kortet, hugsar eg ikkje kva arket heiter, det andre kjem frå ei blokk frå Kaisercraft. Blomane kjem frå Wild Orchid Craft. Ellers er det brukt osteduk, perlesnor, serviett og litt blonde. Disane Wild Flower frå Tim Holts er supre i lag med blomar. Og tanjul fra Joy Craft kan brukast over alt.
Disen: Til Dåpsbarnet frå scrapmagasinet forsvant i blitslyset, den ser litt betre ut i virkeligheita en her på bildet.

Blanke perlegreiner frå Kort og Godt.

Stempelet kjem frå Mo Manning.


Klem Anita

torsdag 10. november 2016

All Dressed Up 2


Festival Lilly heiter denne jenta her, og ut i frå klesdrakta høyrer ho nok heime på festivalar frå 70 talet vil eg tru.
Eg har valgt å gje ho ei blå og litt meir glitrande drakt, slik at ho kan passe til prinsesser som fyller 10 år.

Basen og det rosa arket er bazzil. Pyntearket kjem frå ei Marianne Design a4 blokk - Eline's Babies Pink.  Det er kun 3 like ark i ei slik blokk, og sidan eg pyntar alle 4 sidene måtte eg komme på noko lurt. Framsida består difor av resten av dei 3 andre arka.

Eg har brukt blonder, kjede, metaltape og nokre gamle metallblomar som pynt. Tekst er skrive ut på pc. Eg har også brukt nokre kvite blomar og perler.

Metall er utfordringa hos Papirlosjen denne månaden, eg anbefalar å leike seg litt med metall og bli med på utfordringa.





Klem Anita

søndag 6. november 2016

All dressed up

Nydelige ark og nydelige stempel, ein uslåeleg kombinasjon.

Arka kjem frå ei Marianne design blokk - Mixed Media, Pastel. Og stempelet kjem frå All dressed up, som er sponsor for Papirlosjen i november. Så har du lyst på stempel frå dei, er det berre å hive seg rundt å bli med på utfordringa vår, som denne gangen lyder: Metall.

For eit par år sidan hadde Et Trykk ei rekke utfordringar basert på "gamle" teknikkar, der var bladgull med, og eg gjekk til inkjøp av nettopp bladgull. Eg er ikkje heilt fortruleg med bladgull, det er tynt, det er lett og det er vanskeleg å arbeide med, så det går lenge mellom kvar gong eg prøver.

Då eg arbeidde med dette motivet, fekk eg idear i hovudet om vind, lauv og fjøyr. Eg såg føre meg sener frå filmane om Tinker Bell. Å gjenskape den følesen i eit kort var ikkje heilt lett, men eg har forsøkt ved å bruke tyll, og kvite fjøyr, Motivet er på dobble puter for å få rikeleg høgde, slik at ho "svevar"








Klem Anita

lørdag 5. november 2016

Retro Selfie

Eg må berre seie at dette stempelet diggar eg, måten ho balanserer på barkrakken gjer det knalltøft.

Stempelet heiter Retro Selfie og kjem frå KennyK, det er fargelagt med Promarkers. Eg vart ikkje heilt fornøgd med glitteret eg har brukt, og vil prøve dette ein gang til for å sjå om eg kan få kjolen til å glitre utan å gje gjenskinn. 

Kortet finn du også hos Barnemix.no, saman med andre kort med motiv frå KennyK, som glitrar. 





Klem Anita

fredag 4. november 2016

Julekort

Eg er vel av og til ein av dei treigaste, når det gjeld å poste på eigen blogg, det eg legg inn i utfordringsbloggane.  Men her er årets første julekort, det er laga til Papirplanetens Novemberutfordring som lyder: Jul i blått, kvitt og sølv.

Arka er frå ei "gammal" Panduro blokk, 6*6, der var berre 2 av kart mønster, derfor er innsida i eit anna ark. Den "grå" kartongen er i sølv, det same er God Jul.  Den disen kjem frå Kort og Godt.

Den romantiske tagen bak er en Marianne Dise som du fin hos Papirplaneten.

Stempelet er også Kort og Godt.  "Sølvkulene" er isoporkuler kjøpt på Nille. Blomane er Kort og Godt.





Klem Anita