fredag 6. mai 2016

Happy Birtday

Som eg skreiv i siste inlegg, ikkje mykje av det som er produsert er kome ut på bloggen. Barnemix hadde tema uvanleg hårfarge i April, og eg har laga ein tag som minstejenta fekk til sin bursdag (i mars)

Stempelet kjem frå Lacy Sunshine - definitivt ein plass å gå for nydelege stempel av små barn bla.
Håret er farga etter eit prinsipp eg lærte hos KitandClowder

Tagen er laga av baksida på mønsterpapir, eg likte ikkje mønsteret, men var veldig glad i strukturen på papiret. Ellers har eg funne bitar av ulike diecuts eg har liggande i ei øskje. Disse er limt på med kvit akrylmaling, og har fått eit strøk maling over seg, slik at både struktur og fargar skin gjennom.

Eg anbefaler å ha ei lita øsje der du tek vare på dicuts, og andre småmotiv du ikkje kunne bruke på det kortet du heldt på med akkurat då. Disse er supre å lage bakgrunnar med.

Blomstrar frå Wild Orchid Craft.  Meste parten av det andre kjem frå ulike nettbutikkar på ebay/gamle restar.





Klem Anita

1 kommentar:

  1. Kjempefin tag med fint fargelagt motiv og flott pynt! Klem ;)

    SvarSlett