torsdag 5. mai 2016

Et litt annerledes bryllaupskort fra meg.

Først vil eg beklage at her har vorte posta så lite i April. April var ekstremt travel for meg, med frykteleg mykje dugnadjobbing, og stor produksjon av konfirmasjonskort, når eg hadde tid til det.   Men håpar mai blir litt rolegare, slik at eg får blogga litt meir.

Papirlosjen sin utfordring for mai er Bryllup. Passar bra det, sidan den sesongen også er undervegs. Vi er så heldige på bli sponsa med to nydelege stempel frå All Dressed Up.

Eg har fargelagt min favoritt, og "kopert den" slik at eg kunne bruke den som 3d motiv.  Den fekk ein runde Paper Glaze, men eg syntes ikkje den vart så blank som eg skulle ynskje, så må prøve meg litt fram med ulike medium, trur eg.

Her finn du utfordringa og mange fine forslag. Papirlosjen



Klem Anita

1 kommentar: