torsdag 7. april 2016

Konfirmasjonspose


Eg har hatt ein periode no der eg har laga ein del posekort. Då eg skulle lage denne, tok eg utgangspunkt i ein dise frå Kort og Godt (trea), og ein frå Marianne Design (halvmånen med stjerner). Eg syntes desse to passa så veldig godt saman for å lage ei sene på kortet.

Resten av disane er fra Zizzix og sommerfuglpunchen er Martha Stewart. Blomstrane er Wild Orchid Craft, Stempel er Saturated Kanary, Krista skal forresten legge ned nettbutikken i August, så om hennar stempel er ein av dine favorittar, så ta turen innom før den er stengt.

Tekststempela og sommarfuglane er Kort og Godt.

Papirlosjen er nett begynt med ei ny utfordring, Konfirmasjon / Ungdom, eg anbefalar  å vere med i den.

På tide å vere med i et par utfordringar igjen.
KaKaboks har denne: Konfirmasjon
Kreativ hobby har også Konfirmasjon
Kreativ Scrapping har Bruk minst 3 fargar






 Klem Anita

tirsdag 5. april 2016

Konfirmasjon med kort og godt.





Kort og Godt er sponsor for Papirlosjen sin utfordring i April.

Utfordring: Konfirmasjon/ungdom.. enkelt og greit, dei fleste av oss lagar uansett ein del konfirmasjonskort no om dagen.

Eg har bazzil som base, med pynteark fra Prima "the Archivist Frank Garcia", blomstrene er fra WOC,  og resten er for det meste frå Kort og Godt. Dvs. motiv, sommerfugler, blanke stein grener, og alle stempel.

Stempel er fra M-255 og M-202








Klem Anita

lørdag 2. april 2016

Ein spennande dise

Vi i Papirlosjen er så utruleg heldige å få tilsendt produkt frå Scrapomania som vi skal lage noko spennande av.  Det eg mottok var et prosjektkitt, der eg laga ein paviljong.

I settet fylgde det med ein dise. "Darice - Picket Fence Border", og den vil eg gjerne vise fram på ein annan måte.  Eg har brukt andre disar av gjerder før, og ville difor denne gangen prøve å bruke den som nokon anna. Valget falt på å bruke den som bord på eit kort, noko eg tykte den var glimrande til.

Kortet er laga på ein pose som er ca 14*20 cm. Eg har brukt ein MS-punch på bakgrunnsarket, det rosa arket er frå blokka til Joy crafts - Baby paper bloc. Stempel er frå Mo Manning, roser frå WOC, Dåpsbarnet er dise frå Scrappmagasinet.  Sommerfugler får Kort og Godt. Den nydelege perlerada fekk eg får Scrapomania.









Klem Anita

fredag 1. april 2016

Konfirmasjon med Papirplaneten

Eg har eit sterkt behov for av og til å lage kort i andre storleikar, denne gangen er det ein pose på ca. 14*20 cm som er brukt.

Motivet kjem frå Saturated Canari, og er eit av mine favorittar til jenter i den alderen.  Eg har brukt to Disar frå Spell binders: Heart Circles og Parisian Motifs, og ein frå Marianne Design: Petra's Corner
Punchen er Marta Stewert. Blingen er frå Edelwise.  Resten er ting eg har funne i roteeska mi.  Dvs. Blomen til høgre og sommerfuglane er Kort og Godt. Det same er stempela som kjem frå Stempelplate M-154

Eg må inrømme at eg har litt dilla på å rive opp arka for å putte ting og tanger under / innimellom osv. Det kan ta litt av iblandt, men veldig moro er det. Eg har lagt ved ein "haug" bilder for å illustrere det.

Utfordringa, den er sjølvsagt:   Våren og eller Konfirmasjon










Klem Anita