torsdag 10. desember 2015

Konfirmasjonen som var.

Mi eldste prinsesse konfirmerte seg i vår, og som den gale "scrapper" eg er så måtte kortet verte noko utanom det vanlege.

Eg bestemte meg for å lage eit album, men i staden for bilder er det fylt med fine ord, og personlege helsingar frå meg og faren hennar.
Eg leita ei stund på nett før eg fant tutorals som forklarte korleis bygge opp den type album eg ville lage.
Eg har tidlegare laga eit album av posar, det fin du her, som eg tykte var veldig moro, ganske enkelt og blei veldig bra, om eg so får seie det sjølv. Korleis du kan lage noko som liknar finn du hos FollowThePaperTrail.
Her er utgangspunktet mitt denne gangen. Trippel flip mini
og når eg først postar linkar så anbefaler eg virkelig denne dama her:  Xannero, ho er norsk, og har kjempegode videoar (på engelsk).

Permane i albummet er laga i hard kartong. av den typen du finn bak på ulike tegneblokker etc. Sjølve albummet er laga i plakatkartong. Eg ville ikkje bruke bassil då eg tykjer den er for porøs, og rivnar lett ved bruk. Den plakaten eg brukte var "seig" slik at eg kunne brette den mange gonger utan å vere redd for slitasje eller anna.

I tilegg har eg brukt 2/3 av ei Graphic 45 blokk, ca. 10 brune Bassil ark, og 10 kvite frå skrappesyken. Til pynt er det deler frå blokka, noko Kort og Godt, og eit ark med reisemotiv, som eg desverre ikkje hugsar kor kjem frå.

Lukkinga er ei snor som er tvinna rundt ein splittbinders.

Og så til sjølve albumet, her kjem biletraset. Og som alltid, det er grueleg kjekt om du legg igjen spor etter deg før du går :)



Her er det først ein lomme ho kan legge inn bilder frå konfirmasjonen i. 







Klem Anita





1 kommentar:

  1. For eit flott album, heldige ho som fekk dette. Kjempe stilgt med ulike farger inni. Mykje flott og godt arbeid du har lagt ned her😃👍🏻 kejmpeflott gåve og minne å få.

    SvarSlett