fredag 30. oktober 2015

Lekser

Eg var på kurs hos Kirsten Hyde forje helg, på Førdescrappen.

Når eg er så heldig at nokon vil lære meg nye teknikkar, så praktiserer eg dei så fort eg kan i etterkant, også kalla lekser. :)


Vi laga bakgrunnar, no tykjer eg det er kjekt å vise fram ferdige produkt, så her kjem noke av mi heimelekse.

Pose: Panduro, embossingfolder: Spelbinders, pynt: rester. Maling: Acrylmaling. blomster: WOC, og dei fine lilla "steinane" fant eg hos Bokuben.

Du finn denne i utstillinga til Bokuben, nettopp på grunn av dei fine lilla. :)

For å ha noke å skrive på har eg festa ein enkel tag med band og binders. Lett å ta av for å skrive på, og kan skjulast så den ikkje dekker pynten.






Måtte også teste ein kvit versjon. Her har eg også skore ut ein del figurar i papp i tillegg til ulike restar.





Klem Anita


torsdag 29. oktober 2015

Skisse

På scrappetreffet i Førde hadde vi ein skissekonkurranse, og slikt må ein jo vere med på.

Skissa fekk eg på pdf, så eg får ikkje lagt den ut, men tykte eg løyste oppgåva granske greit. Eg tykjer egentlig skisse oppgåver er vanskelige.

Ark kjem frå Studiolight 6*6 blokk som heiter Industrial
Townhous dise er Tim Holts, og er laga i mosegummi, eg har limt på eit folieark bak, for å få lys i vidua.  Metallet er delevis kjøpt på e-bay, og delevis frå kassa med ting eg samlar.  Halvperlene er frå Nille.  Stempel er Mo Manning

Eit lite ras med bilder under her :)







Klem Anita

mandag 26. oktober 2015

From the clasroom

I've had a busy weekend, with a lot of paper, glue and paint.
42 "crazy" women gathered to share their passion for, card, layout and other paper creations.  I have talked , laughed and worked all weekend.

I've been lucky enough to take classes with Kirsten Hyde. One of the things she taught us was to make background for a layout, and I like to show you how i solved the task. 

I want to enter the Kaisercraft October Challenge whit this. 


Taking pictures in Norway at this time of year, is a challenge, due to the lack of daylight. The colors on the bottom picture is probably most similar.



If you like my first LO so please leave a comment, it's always nice to get feedback.











Hug Anita

tirsdag 20. oktober 2015

Moonflower

Vi er i den Rosa måneden, og jeg lager hvit på hvit. Ikke fordi jeg ikke støtter kreftsaken, min datter har flere rosa sløyfer og en penn i sin samling, men fordi jeg fikk et stempel og en oppgave.

Oppgaven var hvit på hvit.  Vanskelig ja, om jeg likte det? Selvfølgelig, det er alltid gøy å skulle gjøre noe du ikke har prøvd før.

Stempelet heter Gina Cupcake, og ark er kun hvit basil.  jeg har limt ein dise 3 ganger oppå hverandre, og satt den på pute, for å skape mer dimensjon. Jeg har så pyntet med hvite blomstrer og perler.

Hun har også fått en runde med glitter slik at motivet ikke skulle bli så flatt.

Håper du liker det.
Jeg blir svært glad for kommentarer, og nye følgere om du liker stilen min :)

Her finner du flere kort med bilder fra Moonflower: Barnemix
Og her finner du Moonflower stempel - Dei har veldig vakre stemple av damer, i tillegg til ein del i stilen jeg har brukt.

Melder denne på: http://hjerteboden.blogspot.no/2015/10/utfordring-i-oktober-feminint.html


Klem Anita

lørdag 17. oktober 2015

Utan Motiv

Utan motiv, går det an då.  Det gjer vist det, og fint blir det og. Eg må vedgå at eg er litt låst i framgangsmåte når eg lagar kort, og eg brukar "alltid" motiv.

Ein gong i vår bestemte eg meg for at no skulle eg lage kort utan motiv. For at ikkje oppgåva skulle verte for vanskeleg, kikka eg på kva andre har gjordt, og plukka insprasjon frå ulike andre kort.

Her er eit av korta eg laga. Dei kvite detaljane er laga i papirleire, og mala med gesso/akrylmaling for å få heilt kvite. Det finst ein heil masse ulike silikonformer å få tak i, mange av dei er berekna til kakepynt, men dei fungerer like godt til paprileire, eller anna leire for den saks skuld.

No er det ikkje alle detaljar som er laga i leire, hjørna er metalhjørner som har fått eit par lag med måling for å verte kvite.





onsdag 14. oktober 2015

Høst med KennyK


Dette er eigentleg eit restekort, eg har samla nokre bitar av ark frå 2 ulike blokker, (Tim Holts og Graphic 45) som eg tykte passa svært godt i lag. 

Marlyn Monroe er jo ei flott dame, og fortjener eit flott kort.  Gratulerer disen til Papirdesign passa utmerket til stilen i kortet. 

Taggane er laga med Nellie Snellen diser, det samme er den grønne bak Monroe. Blomane er for det meste frå Wild Orchid Craft. men ein er handla på Ali. 

Det er ei stund sidan eg brukte dei store perlene mine, men no er dei henta fram i lyset, og eg kjenner at eg verkeleg likar å bruke slike på kort. 

Eg hadde "varetelling" over kor mange kort/prosjekt eg har laga hitil i år og det er nesten like mange som det er dagar. Då telde eg ikkje med inbydelsar og bordkort til konfirmasjonen i vår. Enkelte dagar følere eg meg svært lite kreativ, og tenkjer at eg ikkje får gjordt noke, å då sjå at det har eg faktisk er veldig godt. 

Yskjer alle ein kreativ haust. 


Klem Anita

mandag 12. oktober 2015

Bare for å vise.

Å lage bryllaupskort er kjekt, og nokre gonger prøver å gjere dei annaleis en eg vanlegvis gjere. Her har eg brukt ein Kort og Godt blomsterdise, til alle dei små blomane som er strødd rundt om. 



Det eg var mest fornøgd med på dette kortet er sommerfuglane med kvite blomar



Klem Anita

torsdag 8. oktober 2015

Pinlig lenge sida

Det er pinlig lenge sidan eg blogga. Ser eg er flink å legge ut regelmessig i periodar, og så er det bom stopp. Kan sjølvsagt skulde på fotball til 2 barn, og kurs i Molde med den eldste. Men til sjuande og sist handlar det om prioriteringar.

Eg er framleis DT hos Barnemix.no noko som er veldig kjekt, vi får fine stempel, gode oppgåve, og ikkje minst svært god oppfølging av "sjefen".

Eg vil difor vise fram dei siste prosjekta eg har hatt for dei. 


HUMOR.
Stempelet er frå Dr.Digi House of Stamps, og har du ikkje kikka innom sida deira tidligare, så anbefaler eg ein tur, dei har mykje bra, ikkje minst på herresida.  Han her heiter Duncan Disorderly.







Glitter.
Neste er frå Nikki Burnette, Stempelet heiter Witch Stamp. På nettbutikk fin du mange damer i sjangeren "Fantasy Art". Eg tykjer kvaliteten på dei nyaste er betre en dei som er eldre.

Det dukka opp eit julekort på FB som eg digga oppbygginga på, og den ville eg teste ut. 
Eg er så glad når folk merker bilda sine, for eg samler dei i ein forlder på pc, og bruker det som skriveboksbakgrunn, for inspirasjon. Er ikkje bilda merka, så går det ikkje lenge før eg ikkje hugsar kven som har laga dei.  

Her er linken til sida hennar, og kortet: Maries Scrapperier




Klem Anita