lørdag 22. august 2015

Scrappers Delights

Eg er så priviligert å få vere DT hos Barnemix.no  
Det beste med å vere DT der, er at eg får så utruleg mange fine stempel å leike med, som dette fra Scrappers Delights.   

Lenge sidan eg har brukt denne teknikken på eit kort, men sidan den opprinnelige ideen min ikkje vart noke av, (fear i treet, med epler) så prøvde eg meg på ein annan variant. Og vart no i grunnen ganske nøgd med resultatet. 


Tema er frukt og/eller bær. Eg har klaser med druer, dei kjem frå barna mine sine perler, har klippa av det auget du trer tråen gjennom.  Bæra i blomstrane på bakken kjem frå ein gammal lys-mansjett eg tigga til meg frå mor mi, med dette kortet i tankane. Den vart akkruat så fin som eg rekna med den skulle verte.  Treet er Marianne design. Servietten under blomane er Spelbinders og blomane er for det meste fra WOC.  Dei små på treet er puncha ut.  Det grøne arket kjem frå ei blokk eg har kjøpt på panduro, som eg meiner er gått ut av sortementet deira. (den er a4), Bassil og ein liten rest til tag bakk den nydelege fe-jenta. 

Skrivefeltet finn du under trekanten. 
Viss eg no har inspirert andre til å prøve å lage denne typen kort så tykjer eg det er storveges. 

Eit lite tips på vegen, når du skal dele arket i trekantar, så må dei vere endå ein 1/4 dels tomme mindre før du deler dei, en det du bruker til vanleg. 







Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar