søndag 23. august 2015

Papernest Dolls

Endå eit Barnemix.no prosjekt eg vil vise fram


Her har eg fått (bad om) 2 ulike stempel til å lage kort av.  2 veldig ulike kort, med 2 veldig ulike stempel. Stempela er frå Papernest Dolls

Det første er eit nydeleg brudepar. Kjolen har nokre lyse grå nynasar, som forsvant då blidet blei tatt. Tim Holts si klokke er ein av mine favorittar når eg skal lage bakgrunn, den gjer pyntinga så utruleg enkel.  
Den største blomen er heimelaga. Har brukt dei to største, av 3 punchar i eit sett frå panduro. Eg har lagt ein rundell (noke dei brukar når dei lager smykke trur eg) og ei halvperle oppi. Eg har også pynta med litt "diamantar" både på streng og som enkle putta ned i mellom. Dei enkle er egentleg bord dekorasjonar, men eg tykjer dei passar perfekt til dette. 

Det andre "kortet" er ein lollipopp, og den vart eg veldig fornøgd med, spesielt i forhold til perler og blomster og plasering av desse. 

Ynskjer deg ein kreativ dag vidare. 






 Klem Anita

1 kommentar:

  1. Nydelig kort og lollipopp kort! Liker blomsten som sikkert du har laget fra dies ! Klem ;)

    SvarSlett