lørdag 20. juni 2015

Treff 23-25 oktober

Hei

Alle som kikkar innom bloggen min er glade i papir og lim.  No skal endeleg Førde ha sitt første helge treff.  Der blir mat, der blir kurs, der blir mange kjekke damer du aldri har møtt før. Og ikkje minst, god stemning, mykje latter og endå meir inspirasjon. 

Så om du vil ha litt påfyll til kreativiteten, så ta gjerne turen til oss.  Her finn du oss. Førdescrappen

Tid 23-25.10.15
Stad: Førde Sogn og Fjordane. (Aulaen i Førde Ungdomskule) Den ligg 5-10 gange fra sentrum og hotell, har god parkeringsplass, god belysning, og god plass. 
Kurshaldarar:  Kirsten Hyde  og  Linda V. Søgnen  - kan ikkje bli bedre en det. 

I tillegg vil det vere småkurs fra nokon av oss som bur på scrapperommet.  Eg kjem truleg til å ha eit i Fargingelegging, Promarker, og kansje blomster.. spørs kva det vert etterspurnad etter. 

Det hadde vore storveges om eg kunne treffe nokon av dykk som er innom bloggen min på treffet. 

Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar