onsdag 30. desember 2015

Godt og varmt.

Ei venninne fortalte meg om korleis ho laga opptjeningsgrullar av stearin og avispapir. Det fins utallige forklaringar på dette om du googlar det, så legg ikkje inn nokon her.

Eg starta produksjon ein kveld, og ved hjelp av litt barnearbeid så fekk eg ei høveleg mengde rullar klare til jul.

Mesteparten av desse vart brukte i 4 julegåver a 2 posar til kvar.  Posane eg skulle bruke måtte sjølvsagt pyntast etter alle kunstens reglar. Men berre halvparten vart teke bilete av.

Ideen til desse posane fekk eg hos Kirsten Hyde.  Ho har laga ein nydeleg adventskalendar.

Posane mine er laga på adventskalender posar kjøpt på Kremmerhuset, dei har fått ei runde spray og maling  før motivet blei limt på. Eg har og brukt nokre mikroperler kjøpt på ebay, desse vert selde som perler til neglepynt.

Her er bilete av 3 av mine posar.








Klem Anita



lørdag 19. desember 2015

DT paprilosjen.

Jippi, eg er så superheldig, det føles i alle fall slik, eg har fått lov å bli ein del av Papirlosjen sitt Design Team.

Presentasjonen av meg finn du her.  Men kortet vil eg presentere her også.

Kortet er eit standard 6*6 tommer kort. Basen er bazzil, og arka er noke fra restekassa og noke fra ei venninne. (Trur vinterarket er fra fjorårets Panduro 6*6 blokk). Blomstrane er kjøpt på eBay, og har fått ein dose glitter. Blada er Nellie Snellen punch, kvistane en Sizzix dies, og perlekvisten er Kort og Godt. Har også brukt ein serviett og en bit bazzil for å lage bakgrunn til motivet.  Motivet er fargelagt med Promarker, og satt på puter, og vingene har fått et strøk med glitter. Materialer og farger under bilda.

Stempel. Winter Fairy


 
Fargene jeg har brukt:
Hud – Coral, Sunkissed Pink og Bluch  - Pastel Pink og Antique Pink til munn og kinn.
Kjole, sko, Krone, øyner og øyeskygge: Twilight Sky, Demin Blue og Tea Green.
Vinger – Frozen Lake, Icicle og blender.  På staven er det også cobalt blue.
Det som ikke har desse fargene er i Blue Gray 2-4 (F)
Materialer
Ark: bazzil, panduro
Blomster: ebay
Kvister: Sizzix-hollyday greens
Kristtorn blader: Nellie Snellen punch
Perlegrein: Kort og Godt.

Klem Anita

onsdag 16. desember 2015

Vi tenner vår lykter når det mørkner

Eg har laga merkelapper og pynta fyrstikkøsjer. Til det siste har eg brukt restar av julearka mine, blomar og fine motiv.  Ideen til merkelappane har eg fått av Inger Anne, for ho har laga ein del slike. Dei er laga i kraftkartong og bazzil.


Jepp, du finn desse også hos Nina utanfor Coop Extra, neste lørdag og sundag.  Og kjenn på juletrea deira. :)









Klem Anita

tirsdag 15. desember 2015

Deilig er jorden

Eg er no godt nøgd med å ha så mange fine julesongar eg kan låne tittel frå. I går skreiv eg eit langt innlegg om julekort og ein kollega, og hennar juleutsalg neste helg.

"Du finn henne i den midterste hytta på Coop Exstra i Førde. Dei sel juletre som garantert ikkje stikk, ja eg har testa og det kan anbefalast. Ho har nokre nydelege lykter, og ei endå nydelegare julekrybber, +++ så eg anbefalar alle som kan å kikke innom henne neste helg. Ho skal vere der både laurdag og sundag neste helg."

Ho sel også korta mine, så for å friste nokon til å kjøpe eit postar eg bileta av dei her. Desse er egentleg ganske enkle i forhold til mykje av det eg laga. Men har høyrt at eg har ein tendens til å ikkje stoppe når det gjeld blomar og stesj, så det kan truleg vere ein fordel.

Desse har litt meir farge en dei eg viste fram i går.







Klem Anita



Seint på natta

Har vore i tenkeboksen ei stund, skal, skal ikkje. Eg skal, eg skal søke på DT hos Card and Scrap.

Så er her søknadsbildet, laga ein sein nattetime.

Arka er bazzil og Shabby chic frå Studiolight. Stempel er Mo manning, farga med promarkers. Blomane er Wild Orchid Craft.  Tekst er Kort og Godt. Eg har også brukt ein MS puch, og ein liten blomster punc frå Panduro.

Blondene er kjøpt på den lokale hobbybutikken (Bokuben).

Håper det faller i smak.  Bilda er tatt på kveldstid utan dagslys. Dei kunne vore betre :)







Klem Anita

mandag 14. desember 2015

O jul med din glede

Det er på tide å vise fram nokre av julekorta eg har laga i år.
Eg må innrømme at eg ikkje sender så mange kort, faktisk så sender eg ikkje kort. Eg har ikkje noke i mot å sende kort, eg kjem meg berre ikkje til det.  Eg gjer vekk kort, eg lagar dei, mange, mange kort.

I november kom ein kollega til meg og lurde på om eg kunne lage nokre julekort som ho kunne ha med i ei salgsutstilling 2 helger før jul. Slike spørsmål seier ein ikkje nei til. Du finn henne i den midterste hytta på Coop Exstra i Førde. Dei sel juletre som garantert ikkje stikk, ja eg har testa og det kan anbefalast. Ho har nokre nydelege lykter, og ei endå nydelegare julekrybber, +++ så eg anbefalar alle som kan å kikke innom henne neste helg. Ho skal vere der både laurdag og sundag neste helg.

Eg har sjølvsagt laga både fyrstikkøsjer og pakkelappar ho kan selje, men dei får de ikkje sjå i dag :)

Papira er for det meste frå Panduro sine juleblokker, 12*12 årets, fjordårets og den før der.
Motiva er frå pion, dei runde er stansa ut frå fine ark, dei firkanta er får eit eige motivark.

Her er nokre av dei, resten kjem i morgon.






Klem Anita

lørdag 12. desember 2015

Envalope punch board

Ei lita julegåve, ei øskje med litt snop. Kansje treng ein berre ei merksemd til nokon ein bryr seg om.
Eg har laga nokre små øskjer ved hjelp av "Emvalope punch board", papir og ein Martha Stewart punch.

Eg starta med eit ark på 9*9 tommar. (ja eg brukar tommar), og scorer på 3 og 5 tommer. Når du snur arket 90 grader scorer du etter dei linjene du har, snu 90 grader og forsett. Pyntearket oppå står på puter, og lukkinga er med magnetar.
Arka er bassil, og pynteark frå to ulike panduro juleblokker, årets og fjordårets. Blomstrane er Wild Orchid Crafts, Papirdesign og nokre få frå ali. Snøfnugg er MS punch, og God Jul er kaBoks






Klem Anita









fredag 11. desember 2015

Bordkort

Dette er bordkorta vi brukte i Malene sin konfirmasjon

Bordkorta vi brukte er små øskjer laga med Envelope punch board. Det låg 2 små sjokoladehjerte, pakka i rød folie, i kvar øskje.  Alle gjestane fekk kvar sin figur, nokre var veldig fornøgde, andre klaga stort over attributtane på figuren :).  Konfirmanten fekk sjølvsagt velge seg ut kva figur ho ville ha på sitt bordkort.

Stempela er alle digitale for å få dei små nokk. Eg har brukt organsa band, og ei enkel WOC rose. Teksten er skriven ut frå pc.  Alle motiva er farga med promarker. Det var totalt 29 bordkort, så det var litt jobb med fargelegginga. Men boksen er enkel å lage, og pyntinga gjekk fort.





Bordet  

Blomane

Klem Anita


torsdag 10. desember 2015

Konfirmasjonen som var.

Mi eldste prinsesse konfirmerte seg i vår, og som den gale "scrapper" eg er så måtte kortet verte noko utanom det vanlege.

Eg bestemte meg for å lage eit album, men i staden for bilder er det fylt med fine ord, og personlege helsingar frå meg og faren hennar.
Eg leita ei stund på nett før eg fant tutorals som forklarte korleis bygge opp den type album eg ville lage.
Eg har tidlegare laga eit album av posar, det fin du her, som eg tykte var veldig moro, ganske enkelt og blei veldig bra, om eg so får seie det sjølv. Korleis du kan lage noko som liknar finn du hos FollowThePaperTrail.
Her er utgangspunktet mitt denne gangen. Trippel flip mini
og når eg først postar linkar så anbefaler eg virkelig denne dama her:  Xannero, ho er norsk, og har kjempegode videoar (på engelsk).

Permane i albummet er laga i hard kartong. av den typen du finn bak på ulike tegneblokker etc. Sjølve albummet er laga i plakatkartong. Eg ville ikkje bruke bassil då eg tykjer den er for porøs, og rivnar lett ved bruk. Den plakaten eg brukte var "seig" slik at eg kunne brette den mange gonger utan å vere redd for slitasje eller anna.

I tilegg har eg brukt 2/3 av ei Graphic 45 blokk, ca. 10 brune Bassil ark, og 10 kvite frå skrappesyken. Til pynt er det deler frå blokka, noko Kort og Godt, og eit ark med reisemotiv, som eg desverre ikkje hugsar kor kjem frå.

Lukkinga er ei snor som er tvinna rundt ein splittbinders.

Og så til sjølve albumet, her kjem biletraset. Og som alltid, det er grueleg kjekt om du legg igjen spor etter deg før du går :)



Her er det først ein lomme ho kan legge inn bilder frå konfirmasjonen i. 







Klem Anita