torsdag 24. april 2014

Baybkort

Det er på høg tid eg får opp tempo på blogginga mi, har ein masse bilder liggande klare, men så var det det med å sette seg ned å skrive då.

I dag trur eg at eg vil vise dokke eit kort eg laga for ei tid tilbake, var med i ein konkurranse på papirdokkene.com med det, men gløymte av ein frist, og vart ikkje med særleg mykje vidare. 

Uansett, posekort er noko er verkeleg likar å lage, dei har ein anna fasong en dei tradisjonelle korta, og kan difor pyntast på ein annan måte.  Eg skal til å lage konfirmasjonskort i den og andre stilar no. 

Oppgåva var ei fargeoppgåve: 

Eg må seie eg tykte eg løyste den godt, mangla kansje litt av den varmaste brune, men var veldig fornøgd med kortet. 
Posen - Panduro (24 i pakken), Blonder og perler - Ebay - Stempel - Mo manning. Ms - kantpuncher, Marianne Dise bak stempelet, og Magnolia dise til å dra utt instikket med. 
Det er på innstikket du finn skrivefeltet. 



Håpar du likte kortet, og kansje fekk litt inspirasjon til å prøve noko liknande. 
Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar