søndag 19. januar 2014

Til ein Ven


Eg kjøpte meg Magnolia blad til jul, og eit av dei 2 siste var der ein nydeleg gavepose.  Sidan det alltid er forskjell på oss, vart ikkje min lik,  men den var kjempemoro å lage.

Når eg lager slike posar, så måler eg ut kor stort eg må skjere arka sjølv. og så trekker eg i frå ca. 1 cm på dei arka som skal vere innanfor.  Denne posen var så stor at eg enten måtte bruke 2 pynteark, ev. finne på noko lurt.. Eg velde det siste. På framsida rekk ikkje arket heilt ut til kanten, eg har difor ein puncha kant og ei blonde der. Eg valde å gjere det på framsida, i staden for baksida, då eg ynskte å ha den "reinare"

Når det gjeld bruk av diesar så har eg teke heilt av her. Her finn du Magnolia, Tim Holts og Spelbinders.

Bak Tilda finn du: Spelbinders - Floral ovals - ein av dei eg brukar aller mest til bakgrunn.
Blomstrane er bygde opp av Magnolia - Doily Flowers  - desse er også kjempefine som "blad" bak andre blomstrar.
På baksida finn du:  Lace hearts - ein av mine nye favoritta,
Tips: viss du ikkje får arka ut av diesar, så legg frysefolie mellom arket og diesen. Slik at det blå påfrysefolien vender ned mot arket og det blanke opp mot diesen. Frysefolie kjøper du i dagligvarebutikk. 

Tilda er Midwinter Tilda på framsida, og Tilda åpnar pakker på baksida, begge farga med Promarker. 








Klem Anita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar