søndag 27. oktober 2013

Eit litt Shabby Vinterkort.

Eg fant ein konkurranse, og så laga eg eit kort, og så sjekka eg konkurransen igjen og vel, kortet var feil i forhold til reglane.  Så derfor... 

Eit litt Shabby Vinterkort.   

Vart no godt nøgde med resultatet då :)






Klem Anita



lørdag 26. oktober 2013

Snart farsdag.

Det er snart farsdag, og derfor er det på tide å lage noen kort til den mer maskuline delen av befolkningen. 

Her er eit par eg laga no på torsdag, som vanleg farga med Promarker. 

Stempela har eg kjøpt her: http://www.craftsuprint.com/card-making/digital-stamping/men/
Disane er alle Tim Holts. Vimplane fekk eg inspirasjon til på ein scrappekveld på Bokuben. 
Dongeriarket veit eg er kjøpt på Bokuben for kort tid sidan, resten trur eg har vore i "tølene" mine ei stund. Det brune på første kortet er bada i kaffi. 




Klem Anita

tirsdag 1. oktober 2013

Enda et gutekort

Har vore litt gutekort på meg i det siste, og spesielt i denne utfordringa. Denne gangen er temaet baby, og eg er veldig svak for denne Edwind her :)

Han er fargelagt med promarker, skoren ut med ein Nelly Snellen dise, og overøst med halvperler og Dekorstein frå Kremarhuset.  Papira er frå ei 6*6 Boofle blokk, pluss bassil. Ellers er det fjør, utkutta stjerner, band og ein Marianne dise bakom. for ikkje å gløyme ostekluten då.. 

Veit det er mange som tykjer gutekort er vanskeleg, og skulle eg ha laga denne til ein større gut, hadde eg nokk hatt ei meir firkanta form på midten, droppa fjørene, og sett eit gratulerer der sløyfa er. Til små babygutar synest eg det går veldig bra med "romantisk og søtt".

Bli med i Papirplanetens magnoliautfordring du også.  Denne gangen er temaet baby.  






Klem Anita