søndag 1. september 2013

Mitt første møte med Tilda del 2

For eit og eit halvt år sidan, møtte eg Tilda.  Eg hadde sett ho i bloggar og i nettbutikkar tidligare, men denne dagen kom ho vandrande inn i hobbyrommet mitt, i baggen til ei veninne.  
Eg fekk lov å låne henne litt, og eg kosa meg verkeleg den stunda ho var hos meg.  Men som med alle du låner, dei må tilbake til sin rettmessige eigar, og sidan eg no var hjelpelaust bergteken av denne vesle figuren, måtte eg bestille mi eiga Tilda

Her er mitt først kort: Mitt første møte med Tilda
No skal det seiast at å få ein kommentar frå Norma var stort, for ho er ein av dei flinkaste fargeleggarane (Promarker) eg kjenner til.

Eg er framleis bergteken av denne Jenta, og har skaffa meg nokre fleire både Tilda og Edwind sidan den gong.

Sidan eg går tilbake i tid, har eg teke opp at ein stil eg brukte mykje på den tida, og ser med glede at når kortet er oppslått er det fremdeles ein flott teknikk.


Fargar: Hud: Coral, Sunnkissed Pink og Blush, Hår: Auburn (F), Terracotta og Ginger.  Kjole: Aubergine, Plum Preserve, Plum og Tropical Orchid.  Må dessverre innrømme at eg har gløym kva eg fargar blomane og blada med, men trur eg brukte Orchid og Ametyst, March Green, Lime Twist og Lime Zest. Banda rundt blomane er i Tan og Putty.

Når det gjeld fargelegginga, Den lysaste fargen i kjolen er rosa, ikkje lilla. Eg har prøvd med ulike lyse lillafargar utan å bli fornøgd, spesielt sidan Plum er ein veldig rød farge. Etter å ha bytta ut den lysaste med ein rosa fekk eg mykje meir "skin" i kjolen, og vart svært mykje meir fornøgd med resultatet.  Ein må kanskje gå over eit par tre gonger før ein får det slik ein vil, men eg anbefaler alle å prøve det. (Prøv også ein gulgrøn farge som lysaste når du fargelegg grønt, blir veldig stilig det også.)


Kva var din første Magnolia? 
Ta turen innom  Papirplaneten sin Magnoliautfordring og bli med på utfordringa.  






Og eg vert sjølvsagt veldig glad om du legg spor etter deg her, eller spørsmål :)

Klem Anita