fredag 30. august 2013

Malene 13

Tenåring i hus! 
Det er vel like skummelt for oss begge, at mi eldste dotter no er 13 år og tenåring.  Ho har hinta sida jul om at ho gjerne ville ha eit kort med ei Toffee øskje inni, så Toffee øskje ho fekk.




Eg laga 5 av desse og sendte med på ei messe i Eikefjorden for et par helgar sidan.  Det kunne eg vist ha spart meg, trur ikkje dei ved fjorden likar Toffee J


Litt reklame J:
Desse er laga med Stempel du finn på Bokuben, jenta er eit KennyK stempel, Huset er Bildmålarna. Den jenta er skikkeleg kjekk å fargelegge, og huset er supert til litt meir nøytrale kort.  
Her er mine øskjer, om du er på jakt etter ei veninnegåvet etc. lagar eg gjerne ei slik øskje til deg. (send meg ein mail på: anita (punktum) seterdal(@) gmail (punktum) com   ) Eg lagar sjølvsagt kort på bestilling også.

Blenderen er brukt på dei lysaste felta i kjolen, og for virkelig å få sprudlevann, litt glitterlim i glasset J


Dette, og eit par brylaupskort til, finn du for salg på Bokuben J


Om du har kommentarar eller spørsmål, eg blir glad for alle spor som blir lagt igjen på sida mi :)

Klem Anita