mandag 15. juli 2013

Litt av kvart

Har lyst å vise fram nokre av dei siste prosjekta mine.  Ein del av dei er bestillingar, men nokre er "just for fun"
Eg har handla mange Tim Holst diser i det siste, og tykjer dei gjer veldig mange gode bakgrunnar. Dei som for øyeblikket er aller mest i bruk er: Butterflies (kant ), Townscape (kant), Caged Bird (bruker kun buret omtrent), Weathered Clock og Layerd Wings.
Har veldig sansen for vinger, så skal skaffe meg noen gode vingestempel også etter kvart. 
Dette er ei sjokoladeøskje (mint) som skal brukes som takkekort.  Taggar til å skrive på,  putta ned i ein fold på baksiden. 





Neste er eit kort uten bruk av Promarker... Går det an då? Vel for å sei det som det er, eg måtte tenkje meg om, men jubelanten var 85 og noko godt bursdagstempel til ei 85 årig sprek dame, har eg ikke. 

Ikkje verdens beste bilde, men her er både sommerfuglane, fugleburet, og ringen fra innsida på Weathered Clock med.  Og ja eg har ein tendens til å ta med sommerfuglar i alle prosjekta mine for tida. 


Når prinsen i huset har bursdag, så lager vi kort, eller eit bur denne gang. Inne i buret står ei stjerne som eit skilt, med gode ord fra mamma og pappa. 




Og til slutt eit samarbeidsprosjekt. Vi har ein hyggeleg sommarvikar på jobb, som i tilegg er ei særs kreativ sjel, noko eg set stor pris på.   Sara K. Heilevang har fargelagt Jules fra Saturated Canary, og eg har festa henne til eit kort. 

Promarker kjem ut med nytt sett no i haust, dvs. det er kome i nokre få utvalde butikkar, men med fraktkostnadar langt over tusjane sin verdi, vel eg å vente til Letrasett sel dei sjølve, noko som er i begynnelsen av augsut om rykta er sanne.  Om eg gledar meg?  Alltid 

Mitt neste prosjekt... Babykort til gut, ferdig fargelagt på bordet, Ferdig laga i hovudet :) Og så skal eg finne ut korleis ungå refleksar i "blanke" felt på korta eg lagar. Trur det har noko med vinkel å gjere, må berre finne ut korleis eg skal ungå det. 

Klem Anita




1 kommentar:

  1. Wow, bra samarbeid!! Helse Sara, fra mamma til Arild :-)

    SvarSlett