mandag 1. juli 2013

Edwind med fly.


Det er ikkje kvar dag eg lagar gutekort. Men no er det ny utfordring hos Papirplanenten, og sidan magnolia ofte vert presentert som søte små jenter i Tilda, tykjer eg det er på tide å vise ein av mine favorittar med Edwind.  Eg tykkjer han her har ei typisk kroppsholdning for ein 4-6 åring som leikar med fly. Eg berre må smile når eg ser på han. 

Stjernene er laga med akrylmaling. Eg fekk nokre stjerner av ei veninne, desse var stansa ut i eit a4 ark, når eg plukka dei ut sat eg igjen med ein ganske stilig sjablong.  Dei andre stjernenen er stansa ut med Spelbinder, stempla med eit Magnolia tekststempel, og sverta kantane på. 

Eg har sett så mange "faner" på kort i det siste, enten i form av papir eller silkeband, så det har vore i bakhovudet på meg i lengre tid.  Det vert no aldri slik på arket som i hovudet, men ser heilt klart potensialet i desse. 

Edwind er sjølvsagt fargelagt med Promarker. :)

Ta turen innom Papirplanenten sin blogg, og bli med på utfordringa!










Legg gjerne ijgen ein kommentar om du likar kortet, eller berre vil seie hei. :)
Klem Anita

2 kommentarer:

  1. Kjempe stiligt kort du ha laga. Gir meg idear til gutekort, noko eg treng sårt. Stiligt med stjerner og med faner.
    Klem Audhild

    SvarSlett
  2. Hei, flott gutekort. Einig med Audhild, får aldri nok idear til gute/herrekort. Fortsatt god sommar !!

    SvarSlett