mandag 4. februar 2013

Glitter lim og perler II

Del to av anonyme timeglas.  Matching "en stor og en liten" 

Eg har laga ei gåveøsje med tilhøyrande kort. 

Denne gangen har eg verkeleg hatt det moro. 
Eg starta med ein passe stor kartong som eg folda til ei øskje. Eg måla og pynta den før eg limte ho saman.  Fann fram akrylmaling i fargane. Kvit, Bluish Green, Turquoise Blue, Sky Blue og Silver Imit. Pluss Gilmmermist Moonlight og perfect perl sølvfarga. 

Først grunna eg med gesso og let det tørke. Så ei runde med 3 ulke akrylmalinger (dei grøne og blå), når det var tørka blanda eg kvit med ein av dei blå. og sølv med nokre av dei + kvit. Dette vart brukt til å male blomstrane, og brukt med ein blomster stensil på sjølve øsja.   Silver og kvit blei blanda og brukt til å lage "skrift" på øysja. 
Begge glimmermistane vart og brukt.

Eg laga 2 store roser med Spel binder dise  som eg distressa kantane, sprøyta vaten på og krølla, før dei fekk ei runde med mist. (Sølv over det heile, maskerte midten før eg brukte moonligh på kantane. )
Sommer fuglen  fekk ei runde med glimmermist og har glitterlim på kroppen, eg har sverta vinger med Royal Blu, og Grean Tea for å få litt meir kontrast. 
Bandet i toppen fekk og ein runde med akrylmaling. 

Dama som skal få dette er glad i glitter, så eg var raus med glitterlimen rundt om på blomar og rundt bilete. 
Perlene er handla på ebay, dei fine steinane har eg fått i gåve. 
Motivet kjem frå Sagen Vintage, sommerfuglen er ein cherry lynn dise. 
Både svirlane og "servietten" bak motivet er spelbinder 

Vart eit ras med bilder denne gongen. men var ikkje så lett å vise fram "shimmeret" på bilte av heile øskja. 

Anonyme Scrappere - Timeglas del 2 












Takk for at du kikker innom, legg gjerne igjen ein kommentar. :)
Klem Anita

5 kommentarer: