søndag 14. oktober 2012

Kurs kurs kurs.. :)

Vi var så heldige å få Anja frå anjsas kortkreasjoner på besøk i Førde.  Heile 3 kurs holdt ho. Eg er så proppfull av inspirasjon og idèar at eg egentleg ikkje har tid til å gå på jobb den neste veka :)


Siste kurset hadde var promarker kurs.. Du finn mange flotte tips, mykje inspirasjon samt utfordringar her:  Promarker Norge.

Vi vart ikkje ferdige med oppgåva vår, så eg begynte på mi heimelekse i dag. (I tillegg fekk eg ein del utfordringar frå Anja med meg heim, og dei kjem opp her etter kvart som dei er ferdige.  Eg berre "MÅ" ha 2 tusjar til først)


Oppgåva var å lage eit kort der ein brukar fleire farga motiv i same.  og slik vart det :
Ps. fotokvaliteten er dårleg. Eg må snart finne på noko lurt, for med kortare dagar får eg ikkje tatt bilde i dagslys uansett..









Var nokre ting eg ikkje vart heilt fornøgd med, bla. plaseringa av dua og trappa. Trappa er skjeiv og dua "tek opp i kanten"

Eg ser og at eg må til inkjøp av fleire stempel som er pynt, ikkje hovedmotiv, for dette var rett og slett skikkeleg moro. 

Klem Anita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar