onsdag 29. august 2012

Nytt stempel

Eg er, ikkje uventa, med i fleire scrappegrupper på FB.  Og på ei av dei går det fargeleggingskonkurransar kvar månde (vi som farger med alkoholbaserte tusjer).  I juli vart eg trekt ut som vinnar. 


* * Jippi * * 

Stempelet eg fekk er berre råtøft.. Sjå sjølv..:)









Eg har fargelagt motive mykje "mjukare" en kva ein vanlegvis ser dette. (turde ikkje prøve meg på den andre måten).

Innsida er pynta med stempel eg fant i på salg i fjord. 




Eg var på Magnoliabutikken i Borås i sommar :)
Der fant eg blomsterbær/pollenbærar. Tykjer dei gir mykjer, sjølv om dei er små. 

Legg gjerne igjen ein kommentar om du stoppar innom.

Eg lagar forresten kort på bestilling, så om du treng eit kort til ein dåp/bryllaup/bursdag eller anna, gje meg ein lyd.

Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar