tirsdag 29. november 2011


Fant eit julekort  med denne oppbygginga, eller nesten i allefall.  Og då måtte eg berre prøve, engelen er frå eit utklippsark kjøpt på bokuben, blomstrane også.  Blonda er en gammel rest etter dukke-klær sying, og resten er skore ut med Dieser fra Nelly Snellen.. Er aldri heilt nøgd med resultatet, men har det svært moro undervegs :)

søndag 27. november 2011


Promakers er mine favorittar. Og dei har no fått norsk offesiel side.
Det kjem konkurranser ol. over nyttår, men er bloggcandy mm. der no.  Og det beste er kjempefine tips for farging med tusjane.  Akkurat no ligg der farging av rødt på lue og jakke + eit morsomt julebilde av ein hund med postkasse. Kjempefine forklaringar på teknikkane.  Kan absolutt anbefalast.

http://promarkernorge.blogspot.com/

Eg er fremdels noko ustø på dette med blogg, men satsar på at linekn havnar nokonlude der den skulle.

Utradisjonelt Julekort

Fant ei utfordring ein stad, hugsar ikkje lenger kor, men oppgåva var: Lag et julekort i andre farger en dei tradisjonelle "julefargane"

Eg fant nokre kjempefine digitale stempel på : www.craftsandme.co.uk
Det vart eit veldig enkelt kort, men vart no litt fornøgd likevel..

Anita



fredag 18. november 2011

Då er eg i gang.  Å lage blogg var ikkje heilt enkelt. men det kjem vel litt etter kvart.
Målet var jo å få vise fram noko av det eg har laga. Så her kjem ein del bilete:


Eg likar godt å lage kort til små og strore prinser og prinsesser.
Men fann ut at det no var på tide å utfordre meg sjølv litt.
Alle stempela er digitale, og farelagt med Promakers, mitt favorittleiketøy

Eg er spesielt glad i stempla fra KennyK som har mykje utfordrande og  rocka stempel.




Tilbehøret er kjøpt på bokuben i førde, Dette var eit gratistempel eg fann på ein nettstad, men med min hukomelse så manglar eg den adressa.

Å fargelegge i duse fargar er ein fryd med promakers, og denne dama er berre heilsjønn. 

Då brodern såg dette, tenkte han umiddelbart på ein bergensar med navnet Andre, uansett supert stempel.  

En vert aldri for gammel til å drømme nye drømmer.