onsdag 10. august 2016

Enda et bilde.

Dette bildet er laga "berre fordi" og no har mottaker fått det så eg kan vise det fram til resten av "verden"

Lerret er 30*70 slik som dei andre, og eg har gjordt meg nokre nye erfaringar når det gjeld produkt.
Først: trelim funkar, den held på plass alt eg har prøvd den på til no. Men, og her er et men, eg veit ikkje korleis den vil fungere på sikt. Den eg brukte tørka litt gul, noko som ikkje spelte noko rolle sidan eg skulle grunne alt før eg begynte å spraye/male, men eg ville ikkje brukt den på blomane osv. til slutt. Eg er ikkje redd for at ting skal løsne etc. for trelim blir brukt til å holde ting saman i hus :)

Dylusionspray kan endre karrakter på flaska etter eit par år. Eg har ein del sprayar som er 2-3 år gamle, og 2 av dei (midnight blu og orange) "tørkar ikkje". Dvs. eg får farge på fingrane etter at dei skal vere tørka. Eg løyste dette ved å inkapsle det med decopage lim, men irritasjonen var stor når eg holdt på.


Det var erfaringane, over til biletraset.  Denne gangen hadde eg motakar i tankane heile veien, og ville at resultatet skulle inneholde detaljar som gjennspegla hans interesser og yrkje. Bildet er difor maritimt, med ein del hint til yrkje og hobby skult i detaljar.


Denne bilen har eg gleda meg til å få bruke. (kinderegg)

Fisken er i lær, det er noko av det som blir igjen når dei skjer ut slirer på knivfabrikken.

For ein del år sidan var det poppulert med hengande blomsterpotter etter snører som var laga av skjell eller makrame. Eg har ei slik lenkje liggande, den passar perfekt på slike bilder.




Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar