tirsdag 6. desember 2016

CAS

Clean and Simple (Christmas)

Vel eg er vel ingen av delane, men nokre gonger må ein gjere det ein får beskjed om. Stempelet er frå Karlight Sue, og ganske interessant. Eg hadde nok ikkje valgt det sjølv, men eg må sei eg tykte det var morsomt å fargelegge, utfordrande å lage CAS kort av, men veldig veldig kjekt.

Materiallista er svært enkel denne gongen, Bazzil og noke gullark kjøpt på Europris for nokre år sidan. Disane er Nellie Snellen og Scrapmagasinet.

Eg fekk litt problem med refleks i kortet då eg skulle ta bilde av det, så naboens hus og ei søyle på altanen viser i det blanke gullet. :)

Resten av CAS Christmas korta som er laga til Barnemix finn du her: Barnemix Clean and Simple Christmas



Klem Anita

fredag 2. desember 2016

Dag 2 av adventskalenderen

Eg er så heldig at eg får åpne luke 2, i årets adventskalender hos Papirlosjen. Eg har difor lyst å gje dokke, ein for meg ny idee, og forklaring på korleis eg gjorde det.

I år hadde eg planar om å lage pakkelapper av restepapir, for å gjere litt ekstra stas på dei som får gåver. Men då eg såg stempla til Gitte i Kreativehenderdigis, forstod eg at her nytta det ikkje med restepapir, eg måtte skrive ut stempla slik at de virkelig kom til sin rett.

Stempla er skrive ut på mønsterpapir, og motivet er fargelagt. Det første eg gjorde var å skjere eit 30*30 ark til, så det passa i skrivaren (a4). Skal du prøve dette, så sjekk at skrivaren din tek tjukkare ark, slik at du ikkje ødelegg den.
Så kutta eg ut stemplet med til/frå, la det opp ned over motivet eg ville bruke, og tegna rundt. Eg fargela den søte musa med Derwent - Colour soft blyanter, og limte delane sammen. Det vart enkel pynt, då pakkelappar gjerne skal lagast i litt større mengder, og motivet er så nydeleg i seg sjølv.

Stempla eg har brukt heiter: Digi 44 (mus med treet) og Digi 111 (til / frå lapp). Du finn dei under julestempel.


I det siste bilde vil du finne min RAK, som blir gitt vekk til ein av dei som leverer inn bidrag i desember hos Papirlosjen.







Klem Anita

torsdag 1. desember 2016

Adventskalender og Jul med Kreative Hender

Papirlosjen har også i år ein adventskalender. Vi vil prøve å inspirerer, kvar dag frem til jul, med kort og andre papir kreasjoner.

I tillegg har alle Dt'ane ein RAK til sin personlige favoritt.  Det vil si at det er 10 personer som kvar får en RAK fra ein av oss.

Månedens sponser er Kreative Hender digis, og vi har fått nokre flotte julemotiv/tekster å leike oss med. Dei leverer også premien.

Eg har funne fram nokre gamle ark frå Riddersholmdesign - A Christmas Story, kraftkartong og brun bazzil.  Disen som brukt kjem frå Magnolia (den er også ganske gammal) og blomane kjem hovedsakleg frå Wild Orchid Craft.  God Jul er skrive ut på pc.
Motivet er skrive ut på kraftkartong og fargelagt med Coloursoft frå Denwert.

Anbefaler alle å bli med på utfordringa til Papirlosjen denne månaden. Det er virkelig verdt det.






Klem Anita

søndag 20. november 2016

Jula har inntatt hobbyrommet

Jula kom til meg også, denne gong i form av ei ny panduro blokk.

Eg har laga ein pose, eit lite minialbumm og ein tag. Og kva eg vart mest fornøgd med?  Tagen. Motiva er Toppers frå Dixie Craft, og i kvar pakke kjem eit ark som viser kva som er inni. Tre av desse små firkantane kunne eg bruke som motiv, så dei er klypte ut og brukt på tagen.

God jul er skore ut med ein dise frå KaBoks. Trur eg måtte kjøpe tekst og skugge kvar for seg, så det vart litt dyrt, men den er veldig fin og mykje brukt. Stjernene er skore ut med ein Marianne Design dise som er del av et sett med embossingplate.
Den romantiske snøkrystallen på posen er frå Xcut.  Ellers så har eg brukt Tim Holts - Wildflowers og Hollyday greens.  Blomane er frå Papirdesign og Wild Orchid Craft.  Tekst er skrive ut på pc.


For dei som bur i Førde, så står dette i utstilling på Bokuben (Panduro) og ho har heilt sikkert fleire blokker igjen :)

Det kjem julekort også, sånn om litt... Trur eg :)




Klem Anita

fredag 18. november 2016

Dåp

Jaudå eg er begynt på julekorta eg også, men eg veit at ein treng dåpskort også i desember.  Det vart gutekort denne gangen.

På det første kortet, hugsar eg ikkje kva arket heiter, det andre kjem frå ei blokk frå Kaisercraft. Blomane kjem frå Wild Orchid Craft. Ellers er det brukt osteduk, perlesnor, serviett og litt blonde. Disane Wild Flower frå Tim Holts er supre i lag med blomar. Og tanjul fra Joy Craft kan brukast over alt.
Disen: Til Dåpsbarnet frå scrapmagasinet forsvant i blitslyset, den ser litt betre ut i virkeligheita en her på bildet.

Blanke perlegreiner frå Kort og Godt.

Stempelet kjem frå Mo Manning.


Klem Anita

torsdag 10. november 2016

All Dressed Up 2


Festival Lilly heiter denne jenta her, og ut i frå klesdrakta høyrer ho nok heime på festivalar frå 70 talet vil eg tru.
Eg har valgt å gje ho ei blå og litt meir glitrande drakt, slik at ho kan passe til prinsesser som fyller 10 år.

Basen og det rosa arket er bazzil. Pyntearket kjem frå ei Marianne Design a4 blokk - Eline's Babies Pink.  Det er kun 3 like ark i ei slik blokk, og sidan eg pyntar alle 4 sidene måtte eg komme på noko lurt. Framsida består difor av resten av dei 3 andre arka.

Eg har brukt blonder, kjede, metaltape og nokre gamle metallblomar som pynt. Tekst er skrive ut på pc. Eg har også brukt nokre kvite blomar og perler.

Metall er utfordringa hos Papirlosjen denne månaden, eg anbefalar å leike seg litt med metall og bli med på utfordringa.





Klem Anita

søndag 6. november 2016

All dressed up

Nydelige ark og nydelige stempel, ein uslåeleg kombinasjon.

Arka kjem frå ei Marianne design blokk - Mixed Media, Pastel. Og stempelet kjem frå All dressed up, som er sponsor for Papirlosjen i november. Så har du lyst på stempel frå dei, er det berre å hive seg rundt å bli med på utfordringa vår, som denne gangen lyder: Metall.

For eit par år sidan hadde Et Trykk ei rekke utfordringar basert på "gamle" teknikkar, der var bladgull med, og eg gjekk til inkjøp av nettopp bladgull. Eg er ikkje heilt fortruleg med bladgull, det er tynt, det er lett og det er vanskeleg å arbeide med, så det går lenge mellom kvar gong eg prøver.

Då eg arbeidde med dette motivet, fekk eg idear i hovudet om vind, lauv og fjøyr. Eg såg føre meg sener frå filmane om Tinker Bell. Å gjenskape den følesen i eit kort var ikkje heilt lett, men eg har forsøkt ved å bruke tyll, og kvite fjøyr, Motivet er på dobble puter for å få rikeleg høgde, slik at ho "svevar"








Klem Anita